Utstillingane

Få ein smakebit på korleis brear blir danna, forminga av fjordlandskapet og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klimaforskinga.

Hovudutstilling

I hovudutstillinga kan du lære masse innan glasiologi, naturgeografi, klima, geologi og historie. Her finn du ekte is frå breen, utstillingar om funn i brear og interaktive aktivitetar. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket!

Heile utstillinga finst på 13 språk.

Bli med på ein trygg tur “under breen”.

Ismannen Ötzi.

Eksperiment med ekte is frå breen.

Utstillingane våre:

1. Skulptur av Bård Breivik med ekte is frå Jostedalsbreen.

2. Panoramafilmen om Jostedalsbreen og nasjonalparken av Falkeblikk AS. Her kan du oppleve breen frå lufta, på overflata, inne i brefalla og under isen! Filmen blir vist tre gongar i timen.

3. Klima i endring - frå fortid til framtid. Ei opplevingsutstilling om naturlege og menneskeskapte klimaendringar. Sjå Ulltveit-Moe senter for klimaviten.

4. Kva er ein bre? Breen er snøen som fall i fjor...

5. Kva er kalving? Når bitar av brefronten fell av og dett i vatn, så seier vi at breen kalvar.

6. Mammut. Det største landpattedyret som har levd i Noreg. Mammuttanna frå Sibir er 30.000 år gammal.

7. Vêret. Korleis må vêret i eit område vera, for at brear kan eksistere?

8. Kvifor er isen blå? Eit lite stykke is ser kvit ut, men i breen er isen blå.

9. Kraft frå breen. Smeltevatn frå bre kan nyttast til kraftproduksjon. Somme kraftverk er bygde under breen.

10. Kor mykje kraft lagar du? Ved hjelp av ein sykkel kan du produsere energi.

11. Brevandring. Sjå utstyr, bilete og lær om brevandring og knutar.

12. Bretunga. Gå inn breporten og ta ein sikker tur i ein smeltevasskanal under breen. Høyr korleis breen rører på seg og isen smeltar. Kjenn den kalde vinden.

13. Fjordane blir til. Breane forma ut fjordane i løpet av dei siste 2-3 millionar år. Korleis? Er dei djupare enn Grand Canyon i USA?

14. Breelv lagar nytt land. Breelva sørger for at Fjærland blir større for kvart år. Korleis?

15. Kvifor er fjorden grøn? Vatnet er ikkje gjennomsiktig om sommaren, men sediment frå breens smeltevatn gjev det ei grå-grøn farge.

16. Klima og klimaendringar. Kva er klima og istider, kva endrar klima, kva er drivhuseffekten?

17. Seljestokken. Sjå bitar av ein 8520 år gamal trestokk, funne i ein morenerygg framfor Briksdalsbreen.

18. Iseksperiment. Eksperiment med trykksmelting og frysing, og med vatn som renn gjennom is.

19. Iseksperiment. Grav som ein bre! Her kan du sjølv vera breen og vera med på å forme ein dal.

20. Jostedalsbreen Nasjonalpark blei oppretta i 1991. Bremuseet ligg ved grensa til nasjonalparken. Sjå korleis terrenget ser ut under Jostedalsbreen.

21. Bruk av breen og Tunsbergdalsbreen 1959. Kultur og historie knytt til breen. Korleis var det på ekspedisjon på 1950-tallet?

22. Eksperiment og modellar. Lær om issmelting og havnivå, test isskruven i ekte bre-is, sjå ein interaktiv modell som viser kvifor brear sprekk opp og lær om kvifor breen er vårt beste klimaarkiv!

23. Ötzi – mannen i isen. Utstillinga fortel historia til den 5 300 år gamle ismannen Ötzi som blei funne i ein bre i Alpane i 1991.

24. Kva er spesielt med breelver? Lær om korleis breelver skil seg ut frå vanlege elver.

25. Flyet i Bøyabreen. Her får du veta om flyet som styrta på Bøyabreen i 1972, og om funnet av vrakrestane som kom ut av isen i 2021 - 49 år etter ulukka!

26. Finst det liv på breen? Fleire livsformar lever på breen. Bremus, bjørnedyr, hjuldyr og spretthalar er nokre av desse!

Populære attraksjonar

Prøv den pedagogiske leikeparken vår

Den Pedagogiske Leikeparken med mammutane ligg i uteområdet.

Sjå panoramafilm om Jostedalsbreen

Panoramafilmen om Jostedalsbreen, av Falkeblikk Film Productions AS, tek deg med på ein uforgløymeleg tur!

Vandre gjennom den interaktive klimautstillinga

Opplevingsutstillinga "Klima i endring - frå fortid til framtid" er ei tidsreise i jorda sin klimahistorie.

Museumskart

Fagleg fordjuping