Denne delen av Norsk Bremuseum heiter "Klima i endring - frå fortid til framtid", eller enklare sagt “Klimautstillinga”.

I fyrste del av utstillinga kan du lære om dei naturlege klimaendringane. Du blir teke med på ei tidsreise frå skapinga av atmosfæren for fem milliardar år sidan til perioder på jorda der naturlege klimaendringar har ført til både mykje varmare og mykje kaldare klima enn vi har i dag.

Så byrja menneska å påverke klimaet…

Andre halvdelen av utstillinga handlar om klimaendringane vi står ovanfor allereie i dag, og framtida på planeten vår. Opplev konsekvensane og sjå utfordringane menneska vil møte, men få og også med deg at det finst håp om eit betre framtid viss vi endrar vanane våre.

Heilt til slutt avsluttar Sir David Attenborough klimautstillinga med å seie:

"Det er enno tid til å handle. Jorda er den einaste heimen vi har!"

Umoe AS v/Jens Ulltveit-Moe løyvde betydelege midlar til klimautstillinga, i lag med ei rekke andre aktørar (sjå liste lenger ned på sida), som stod klar i 2007. Etter oppgraderingar i 2025, er Jens Ulltveit-Moe framleis med som viktig støttespelar gjennom Klimastiftelsen Umoe.

Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Utvikling av bygg og utstilling

Følgjande har bidrege til bygg og utstilling i “Ulltveit-Moe senter for klimaviten” hjå Norsk Bremuseum.

Utarbeiding av fagleg innhald

Forskningsdirektør Dr. Jan S. Fuglestvedt, CICERO - senter for klimaforskning

Prof. Jon Ove Hagen, Universitetet i Oslo

Prof. Peter Haugan, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Dr. Miriam Jackson, Norges Vassdrags- og Energidirektorat

Prof. Eystein Jansen, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Prof. Atle Nesje, Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen

Dr. Jan-Gunnar Winther, Norsk Polarinstitutt

Prof. Olav Orheim, styreleiar Norsk Bremuseum, har vore leiar av arbeidet

Cand. scient. Karen Weichert, Norsk Bremuseum, har vore sekretær for arbeidet

Oppgradering 2025:

Prof. emeritus Atle Nesje, Universitetet i Bergen og styreleiar Norsk Bremuseum

Prof. emeritus Jørgen Randers, Climate Strategy, BI i Oslo

M. Sc Pål Hage Kielland, Norsk Bremuseum

Arkitektur, byggentrepenør og utstillingsdesign

Arkitekt: Sverre Fehn

Bygg: Veidekke Entreprenør AS

Utstilling: Sarner Ltd., London

Gåver og tilskot

Etablering 2007:

Umoe AS v/Jens Ulltveit-Moe

Det Kongelige Norske Miljøverndepartement

Innovasjon Norge

Sparebanken Vest

UNI-fondet

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fjord1 Fylkesbaatane

Sogndal kommune

Sognekraft AS

Oppgradering 2025:

Klimastiftelsen Umoe

Sparebanken Vest - Agenda Vestland

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Miljødirektoratet

Høgskulen på Vestlandet

Bre Museum web clip from Ross Magri on Vimeo.