Jostedalsbreen nasjonalpark

Norsk Bremuseum er eit autorisert besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark, eit landskap forma av is og vatn. Nasjonalparken blei oppretta ved kongeleg resolusjon 25. oktober 1991. Arealet er på 1315 km², halvparten er bre og 90 % av nasjonalparken ligg høgare enn 800 m o.h. Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet med ei flate på 458 km².

Føremålet med nasjonalparken er:

  • Å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar frå lågland til høgfjell

  • Å gi høve til naturopplevingar ved å drive friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging

  • Å verne om kulturminne og kulturlandskap


Fakta om Jostedalsbreen

  • Areal: 458 km²

  • Lengde: 60 km

  • Største høgde: 1957 m o.h. (Høgste Breakulen)

  • Minste høgde: 60 m o.h. (foten av Supphellebreen)

  • Maksimal tjukkleik: ~630 m (akkumulasjonsområdet til Tunsbergdalsbreen

  • Størst målt årleg snøfall: 12 m

  • Total utgraving av steinmateriale: 400.000 tonn/år (tilsvarar kring 40 000 lastebillass)

  • Brevolum: 70.6 (±10.2) km³. Ferskvassinnhald: 70.6 · 10¹² liter = ca 300 tusen millionar badekar med vatn = Heile Noreg sitt vassforbruk i 100 år

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Neste
Neste

Brefoto