Årsmelding for 2022
H. M. Dronning Sonja vitja oss i samband 30-års jubileet 22. mai og besøkande frå utlandet kom attende etter to år med stengte grenser.
Vi på Norsk Bremuseum kunne endeleg feire vårt 30-års jubileum som vart eitt år forseinka grunna pandemi og medfylgjande besøksrestriksjonar. Vi hadde ein fin feiring med sjølvaste H.M. Dronning Sonja som æresgjest!
Kari Bøyum Skeide gjekk av med pensjon dette året, etter over 30 år i tru teneste på museet. Vi takkar Kari for den gode jobben i alle desse åra og ynskjer henne alt vel vidare i livet.
Les meir om korleis det har gått med Norsk Bremuseum i 2022.