Haugabreen vert mindre

Resultata frå Norsk Bremuseum sine årlege frontposisjonsmålingar, synte at Haugabreen i Jølster minka med 21 meter i år.

Haugabreen i november 2023

Her har fronten blitt målt sidan 2013, då museet starta opp med ein ny måleserie. På 10 år har breen trekt seg 135 meter attende totalt. Frontposisjonsmålingane blir gjort i oktober eller november kvart år (i overgongen frå sommarhalvåret til vinter). Haugabreen er ein sørgåande arm av Myklebustbreen, der det ikoniske fjellet Snønipa stikk opp som ein nunatak. Fronten til breen ligg på cirka 880 meter over havet.

Graf som syner Haugabreens utvikling 2013 - 2023

Ved å samanlikne bilete er det tydeleg å sjå endringane i breens storleik frå 2013 til 2023.

Fleire nyhende og informasjon om brear finn du ved å surfe rundt på vår heimeside. Ta gjerne kontakt med Norsk Bremuseum dersom du har spørsmål.

Forrige
Forrige

Årsmelding for 2022

Neste
Neste

Vetle Supphellebreen minkar