Arkitekten - Sverre Fehn
Norsk Bremuseum er teikna av sivilarkitekten M.N.A.L. Sverre Fehn, som har vunne mange internasjonale prisar innan arkitektur.
Sverre Fehn blei født i Kongsberg i 1924. Han studerte arkitektur ved Arkitekthøyskolen i Oslo, der han tok eksamen i 1948. Frå 1971 til 1993 var han professor på Arkitekthøyskolen.
Sjå NRK-dokumentaren frå 1993 om Sverre Fehn og Bremuseet (ca 20 minutter).
Sverre Fehn fekk oppdraget med å teikne Bremuseet i 1989, og museet blei opna i 1991. I 2002 blei det bestemt at Bremuseet skulle utvidast med eit tilbygg som skulle huse ei utstilling om klimaendringar. Dette var ei utfordring for Sverre Fehn, som då måtte ta opp att tankane om ei bygning som eigentleg var ferdigkonstruert.
Han teikna nybygget rundt den eksisterande kinoen (sjå biletet under), og bygginga tok til hausten 2006. I juli 2007 blei Ulltveit-Moe senter for klimaviten opna. Sverre Fehn døydde 23. februar 2009.
Sverre Fehn har hatt mange utstillingar i Noreg og i utlandet, m.a. i Frankrike, Brasil, Finland, Danmark, Sverige, Island, Spania og Italia. Han har også halde foredrag på ulike universitet, t.d. i USA og Storbritannia. I 1997 fekk Sverre Fehn den prestisjetunge Pritzker-prisen for sine arbeider. Bygningane han har teikna var ofte museum eller galleri, men også privathus.
Nokre døme:
Norsk Bremuseum, Fjærland
Ivar Aasen-tunet, Ørsta/Volda
Aukrustsenteret, Alvdal
Norsk Museum for fotografi, Horten
Hedmarksmuseet og Domkirkeodden, Hamar
Norsk Arkitekturmuseum, Oslo
Den Norske Paviljongen på verdsutstillinga 1958 i Brüssel
Den Nordiske Paviljongen ved Biennale i Venezia i 1962
Villa Schreiner
Villa Busk
På byggutengrenser.no kan du lesa meir om bygget Norsk Bremuseum, som ved arkitekt Sverre Fehn fekk Betongtavlen for 1992 og Houens fonds diplom for 1994.
Skisse av Norsk Bremuseum med det særeigne klimautstillingstilbygget på nordsida.