Breturkartet er 30 år
Brosjyren “Breturkartet” har fungert som ein marknadsføringsdugnad for føringsmoglegheiter på fleire av Jostedalsbreens armar, og på andre brear i Nasjonalparken. Her får du informasjon om faste føringsturar, om ulike breførarlag, om trygg ferdsel på bre, om Jostedalsbreen Nasjonalpark, verneverdiar og besøkssenter, og kor du finn turistinformasjon i området kring den største breen på det Europeiske fastlandet. I år er det den 30. sesongen som Breturkartet vert publisert.
Norsk Bremuseum tok i 1992 initiativ til eit prøveprosjekt i felles presentasjon av tilboda om breføring kring Jostedalsbreen. Den gongen var prøveprosjektet eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening/Bregruppa, Fjærland idrettslag, Indre Sunnfjord Turlag, Jostedalen Breførarlag, Norsk Bremuseum, Sogn og Fjordane turlag/Fjellsportgruppa, Stryn Fjell- og breførarlag, Anders Øygard/Flatbrehytta, Sogn og Fjordane reiselivsråd og forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum har heile tida vore ansvarleg utgjevar av Breturkartet. Ellen Jepson har stått for grafisk design i alle desse åra.
I dag er fleire av dei same aktørane med i samarbeidet, men mange andre har også blitt med. Dei tre besøkssentra til Jostedalsbreen Nasjonalpark; Norsk Bremuseum i Fjærland, Breheimsenteret i Jostedalen og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Destinasjonsselskapa Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Sunnfjord Utvikling er også med. Av breførarlag har vi Bre og Fjell, Briksdal Adventure, Fjord Active, Fjærland Guiding, Ice Troll, Jostedalen Breførarlag og Norgesguidene. Forvaltinga av Jostedalsbreen Nasjonalpark er den bidragsytaren som gjev mest i økonomisk stønad.
Det har vore og er framleis eit godt samarbeid og interesse for å halde fram med utgjevingane av denne brosjyren, som skal delast ut i kjerneområdet kring Jostedalsbreen. Vi vonar at det vert ein god sesong for trygge breturar i 2021 og vi takkar alle som har vore med på denne dugnaden i 30 år.