Avduking ny utstilling og offisiell opning av sesongen på Norsk Bremuseum

Dag og tidspunkt: laurdag 23. mai kl. 11.30.

Årets nyheit er eit gigantisk puslespel med Jostedalsbreen Nasjonalpark som emne. I tillegg har vi i 2015 montert eit nytt kjøken i kafeen, og ikkje minst har vi oversett museet til to nye språk, polsk og nederlandsk. Med desse to er vi no oppe i 13 språk i heile museet.

Avdukinga, inkludert lokalt musikkinnslag og talar, vil vare maksimum ein halv time. Deretter inviterer vi til litt enkel mat og hyggjeleg  mingling.

Det blir gratis pølser, saft og kaffi/te til alle =)

Med beste helsingar

Bremuseumsfolket 

Gasta Design
Forrige
Forrige

Boknatti i Fjærland

Neste
Neste

Ny sesong hjå Norsk Bremuseum