Undervisningsmateriell
Norsk Bremuseum gjev ut og utviklar undervisningsmateriell som kan brukast i samband med museumsbesøk og i klasserommet.
Temahefte
Kan tingast på e-post: post@bre.museum.no
"Klima i endring" av Karen Weichert blei gitt ut på Norsk Bremuseum i juli 2009. Heftet er på 32 sider (A5) og gir ei fin innføring i korleis klimasystemer verkar. Heftet tar for seg jordas klima i fortid, notid og framtid, og skildrar korleis og kvifor det endrar seg. Både naturlege og menneskeskapte endringar blir diskutert. Fine bilder og figurar i fargar. Til sals på Norsk Bremuseum til kr 60,-. Ved tinging av klassesett vert det gjeve rabatt! Frakt kjem i tillegg.
"Ei verd av is" av Ole G. Karlsen, 24 s, gitt ut av Norsk Bremuseum og Aschehoug, 1992. Heftet fortel om den siste istidperioden, brear og breerosjon, brelandskap og avsmelting etter siste istid. Klassesett sponsast av Norsk Bremuseum. Frakt kjem i tillegg.
Oppgåver til nedlasting
Fasit kan sendast på e-post: post@bre.museum.no
10 opne spørsmål om ismannen Ötzi (for barneskulen). Til desse finst det ikkje noko fasit, men læraren kan få materiale som hjelpar å finne svara.
16 spørsmål om brear og breforma landskap med svaralternativ (for 5. - 7. klasse)
17 spørsmål om brear og breforma landskap med svaralternativ (for ungdomsskulen)
17 spørsmål om brear og breforma landskap med svaralternativ (for den vidaregåande skulen).
15 spørsmål om klima (for grunnskulen)
14 spørsmål om klima (for den vidaregåande skulen)
Klimanøtter (for den vidaregåande skulen). Elevane kan leite på nettet for å finne svar. Fasit kan læraren få ved førespurnad.
Undervisingshefte til skulebesøk
Basert på Læreplanverket
Breelv lagar nytt land (3.-4. klasse)
Brear, landskap og klima (5.-7. klasse)
Arkitekt Sverre Fehn (5.-7. klasse)
Vatn (5.-7. klasse)
Spor etter breen (8.-10. klasse)
Bre og klima (vidaregåande skule) NB: finst også på engelsk.
Bre og klima (student) NB: finst også på engelsk.
Jostedalsbreen Nasjonalpark (vidaregåande skule)
Brelandskap i Fjærland (ekskursjonshefte, tilpassa dei ulike klassetrinn)
Skulens klimarapport
Rapport frå pilotprosjekt kan tingast på e-post.
"Skulens klimarapport". Eit undervisingsopplegg for vidaregåande elevar i skulens nærmiljø. Opplegget er utvikla med stønad frå Miljødirektoratet gjennom «Den Naturlege Skulesekken», og er eit resultat av samarbeid med Firda vidaregåande skule, 4H Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og UWC (United World College) i Fjaler.