Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet og dekkar store delar av fjellområdet mellom Sogn og Nordfjord, med sine 458 kvadratkilometer.

Supphellebreen. Foto: Pål Hage Kielland.

Jostedalsbreen er ein platåbre med mange breutløparar kor 37 av desse er namngjevne. Nokre av desse er kjende brearmar som Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen. 

Lengda på isbreen er kring 60 kilometer frå Skjåk i nordaust til Fjærland/Jølster i sørvest, medan breidda varierar heilt ned til under 2 kilometer. Også isens tjukknad varierar mykje sidan det er store høgdeskilnader under isen, og på det meste er isen på Jostedalsbreen over 600 meter tjukk.

Sjølve breplatået er eit bølgjete landskap mellom ca 1750 og 1950 m o.h., medan brearmane ned frå platået er bratte og dramatiske. Mange av desse brearmane når heilt ned til 300-400 meter over havet., og ved den regenererte breen Supphellebreen ligg brefronten heilt nede på 60 meter over havet.

Det høgste punktet på sjølve Jostedalsbreen er Høgste Breakulen, som ligg 1957 m o.h. Det er fleire nunatakar som stikk opp frå breplatået og to av desse er fjelltoppar over 2000 meter. Den mest kjende og den høgste av desse er Lodalskåpa (2083 m o.h.), også kalla Vestlandsdronninga. Brenibba (2018 m o.h.) er den nest høgaste nunataken kring Jostedalsbreen.

“På kartet ligner Jostedalsbreen et fantasidyr som klamrer seg til fjellene med mange armer ned i dalene.”
Orheim, O. 2009. Norske isbreer.

Dei store kontrastane og raske skiftingar av ulike naturtypar, vêr og høgde gjer området spennande for turgåarar. Dei frodige dalane rundt Jostedalsbreen står i skarp kontrast til den store is- og snømassen. Utfordringane er mange for turgåarar i dette dramatiske fjell- og brelandskapet, og naturopplevingane står i kø. Området fekk status som nasjonalpark i 1991.

Kart over Jostedalsbreen som syner dei 37 namngjevne brearmane:

Kartet er henta frå boka Norske isbreer av Orheim, O. 2009.

 

Bøker om Jostedalsbreen - til utlån/salg på Norsk Bremuseum:

  • Andersen, B. G. 2000: Istider i Norge. Landskap formet av istidens breer. 419,- kr.

  • John, B. 1999: Walks in the world of ice. 30,- kr. 

  • John, B. 1996: How glaciers move. 25,- kr.

  • Karlsen, O. G. 1992: Ei verd av is. 10,- kr.

  • Weichert, K. 2008: Jostedalsbreen. 198,- kr.

  • Orheim, O. 2009. Norske isbreer. 299,- kr.

  • Wold, B. & Ryvarden, L. 1996. Jostedalsbreen - Norges største isbre. 149,- kr.

Noko du lurar på? Ta gjerne kontakt med oss.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Forsking på breen

Neste
Neste

Klima i endring