Årets frontposisjonsmålingar

Dei årlege frontposisjonsmålingane syner at både Haugabreen og Vetle Supphellebreen har trekt seg meir attende. I tilegg har det også blitt oppretta ny måleserie for å overvake Marabreen.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten utfører feltarbeid kvar haust, der frontposisjonen til nokre brear i nærområdet vert undersøkt. Målingane vert utført frå sokalla fastmerker, altså frå same staden år etter år og med ein fast kompasskurs. Dette kan vera frå ein stor blokk, ei varde eller merke i fast fjell. Resultata frå målingane vert sendt til NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat) som overvakar ein rekke brear rundt om i landet.

Haugabreen i Jølster, Sunnfjord kommune. Ein brearm av Myklebustbreen (Foto: Pål Hage Kielland 2024).

Haugabreen trakk seg 26 meter attende sidan målingane i 2023. Dette er den største tilbakesmeltinga i løpet av eit enkeltår, sidan vi starta med frontposisjonsmålingar på denne breen i 2013. Totalt har Haugabreen trekt seg 161 meter attende på 11 år, nokon ein tydeleg kan sjå ved at stadig meir fjell og lausmassar vert synleg framfor og på sidene av breen. Brefronten ligg litt over 900 meter over havet.

Vetle Supphellebreen i Fjærland.

Vetle Supphellebreen i Fjærland, Sogndal kommune. Fjærlandsfjorden kan skimtast til venstre i biletet. (Foto: Pål Hage Kielland 2024).

I Fjærland, rettare sagt heilt inst i Supphelledalen, ligg Vetle Supphellebreen. Fronten ligg på om lag 800 meter over havet. Denne breen har minka med 12 meter det siste året og har totalt smelta 117 meter attende sidan 2011.

Bilete frå fronten til Marabreen (Foto: Pål Hage Kielland 2024).

Neste
Neste

Årsmelding for 2023